Formatera eit register eller ei innhaldsliste

Du kan bruka ulike avsnittsstilar, tildela hyperlenkjer til oppføringar, endra utsjånaden til register og endra bakgrunnsfargen i dialogvindauget Set inn register.

Slik bruker du ein annan avsnittsstil på eit registernivå

  1. Høgreklikk i registeret eller innhaldslista og vel Rediger register/innhaldsliste.

  2. Trykk på fana Stilar.

  3. Trykk på eit registernivå i Nivålista.

  4. Trykk på stilen du vil bruka i lista Avsnittsstil.

  5. Trykk på tildelingsknappen <.

  6. Trykk OK.

Slik set du inn hyperlenkjer i oppføringar i ei innhaldsliste

Du kan laga kryssreferansar som hyperlenkjer på punkta i ei innhaldsliste.

  1. Høgreklikk i innhaldslista og vel Rediger register/innhaldsliste.

  2. Trykk på fana Stilar.

  3. Trykk på det dokumentnivået du vil bruka avsnittsstilen på i Nivå.

  4. Trykk i feltet framføre O# og deretter på Hyperlenke i området Struktur.

  5. Trykk i feltet etter O og trykk deretter på Hyperlenkje.

  6. Gjenta for kvart overskriftsnivå som du vil laga hyperlenkje for, eller trykk på knappen Alle for å bruka formateringa på alle nivåa.

Laga ei innhaldsliste

Laga stikkord/oppføringar i register eller innhaldslister

Oppdatera, redigera og sletta register og innhaldslister

Redigera og fjerna stikkord i register og innhaldslister

Laga alfabetiske register

Tilpassa register

Laga ei litteraturliste

Register som dekkjer fleire dokument