Laga innrykk i avsnitt

Merknadsikon

For å endra måleeiningane som er brukte i dette dialogvindauget, må du velja → LibreOffice Writer → Generelt og deretter ei ny måleeining frå innstillingane.


Du kan endra på innrykka for det gjeldande avsnittet, for alle markerte avsnitt eller for ein avsnittsstil.

Tipsikon

Du kan også stilla inn innrykk ved å bruka linjalen. Vel Vis → Linjal for å visa linjalen.


Innrykk vert rekna ut med venstre- og høgremargane som grenser. Dersom du vil at avsnittet skal gå utanfor margane, kan du skriva inn eit negativt tal.

Verknaden av innrykk er avhengige av skriveretninga. For eksempel er det verdien i Før tekst som gjeld i venstre til høgre-språk. Den venstre kanten av avsnittet vert flytt inn med venstremargen som grense. I språk som vert skrive frå høgre mot venstre, vert den høgre kanten av avsnittet flytt inn med høgremargen som grense.

For eit hengande innrykk, skriv inn ein positiv verdi i Før tekst og ein negativ verdi i Første linje.

Format → Avsnitt → Innrykk og mellomrom

Bruka linjalar

Malar og stilar