Unngå deling av visse ord

Dersom du bruker automatisk orddeling på teksten og visse ord vert delte feil, eller dersom du vil at visse ord aldri skal verta delte, kan du slå av deling av desse orda:

  1. Vel → Språkinnstillingar → Skrivestøtte

  2. Vel ei ordbok i lista Eigne ordlister, og trykk på Rediger.

    Dersom lista er tom, trykk på Ny for å oppretta ei ordliste.

  3. Skriv inn ordet som ikkje skal delast i boksen Ord, og eit er lik-teikn (=) etter det, for eksempel «fantastisk=».

  4. Trykk på Ny, og deretter Lukk.

Tipsikon

For snøgt å unngå at eit ord vert delt, merk det, vel Format → Teikn, trykk på fana Skrift og vel «Ingen» i boksen Språk.


Nokre ord inneheld spesialteikn som LibreOffice handterar som ei deling. Visss du ikkje ønskjer at slike ord skal delast, kan du setja inn ein spesiell kode som forhindrar orddeling på plasseringa der spesialkoden er sett inn. Dette gjer du slik:

  1. Aktiver spesialfunksjonane for språk med kompleks tekstutforming (CTL): Vel → Språkinnstillingar → Språk og merk av for Kompleks tekstutforming (CTL). Klikk på OK.

  2. Plasser skrivemerket på den staden i teksten der du ikkje vil at eit ord skal verta delt.

  3. Vel Set inn → Formateringsmerke → Samanbindingsteikn utan breidd.

    Når spesialteiknet er sett inn, kan du slå av CTL igjen. Støtte for CTL var berre nødvendig for å setja inn spesialteiknet.

Orddeling

Tekstflyt