Setja inn hyperlenkjer frå Dokumentstrukturen

Du kan setja inn ein kryssreferanse som ei hyperlenkje i dokumentet ved å bruka Dokumentstrukturen. Du kan òg kryssreferera til element i andre LibreOffice-dokument. Dersom du trykkjer på hyperlenkja når dokumentet er opna i LibreOffice, vert du ført til det kryssrefererte elementet.

  1. Opna dokumentet/dokumenta som inneheld elementa du vil kryssreferera til.

  2. Trykk på knappen Dokumentstruktur i standardverktøylinja.

  3. Klikk på pila ved sida av ikonet Dramodus og kontroller at Set inn som hyperlenkje er markert.

  4. Vel dokumentet som inneheld objektet du vil kryssreferera til i lista nedst i Dokumentstruktur-vindauget.

  5. Trykk på plussteiknet ved sidan av objektet du vil setja inn som ei hyperlenkje i Dokumentstrukturen.

  6. Dra elementet til den staden i dokumentet der du vil setja inn hyperlenkja.

Namnet på elementet vert sett inn i dokumentet som ei understreka hyperlenkje.

Dokumentstruktur

Organisera kapittel med «Dokumentstruktur»