Setja inn kapittelnamn og -nummer i ein topp- eller botntekst

Før du kan setja inn kapittelinformasjon i ein topp- eller botntekst, må du velja kapittelnummerering for avsnittsstilen du vil bruka kapitteltitlar på.

Slik lagar du ein avsnittsstil for kapitteltitlar

  1. Vel Verktøy → Kapittelnummerering.

  2. Vel avsnittsstilen du vil bruka på kapitteltitlar i boksen Stil, for eksempel, «Overskrift 1».

  3. Vel nummereringsstilen for kapitteltitlane i boksen Tal, for eksempel, «1, 2, 3, …».

  4. Skriv «Kapittel» og deretter eit mellomrom i feltet Før.

  5. Skriv inn eit mellomrom i boksenEtter.

  6. Trykk OK.

Setja inn kapittelnamn og -nummer i ein topp- eller botntekst

  1. Bruk den avsnittsstilen du laga for kapitteloverskifter i dokumentet.

  2. Vel Set inn → Topptekst og botntekst → Topptekst eller Set inn → Topptekst og botntekst → Botntekst og vel sidestilen på den gjeldande sida frå undermenyen.

  3. Trykk i topp- eller botnteksten.

  4. Vel Set inn → Felt → Fleire felt og klikk på fana Dokument.

  1. Trykk på «Kapittel« i lista Type og «Kapittelnummer og -namn» i lista Format.

  2. Trykk på Ny, og deretter Lukk.

Kapittelnamna og -nummera vert no automatisk viste på alle sider som bruker den gjeldande sidestilen.

Om topp- og botntekstar

Laga ein sidestil basert på den gjeldande sida

Laga ulike topp- og botntekstar

Formatera topp- og botntekstar