Laga ulike topp- og botntekstar

Du kan bruka ulike topp- og botntekstar på ulike sider i dokumentet så lenge sidene bruker ulike sidestilar. LibreOffice har fleire førehandslaga sidestilar, som for eksempel Første side,Venstreside og Høgreside. I tillegg til desse kan du òg oppretta ein tilpassa sidestil.

Du kan også bruka det spegelvendte sideoppsettet viss du vil leggja ein topptekst til ein sidestil som har ulike indre og ytre sidemargar. For å bruka denne innstillinga på ein sidestil, vel Format → Side, trykk på fana Side og vel «Spegelvendt» i området Val for utsjånad i feltet Sideoppsett.

For eksempel kan du bruka sidestilar for å laga ulike topptekstar til par- og oddetalssidene i eit dokument.

  1. Opna eit nytt tekstdokument.

  2. Vel Vis → Stilar og trykk på knappen Sidestilar i stilhandsamaren i sidepanelet.

  3. Høgreklikk avsnittsstilen «Høgreside» og vel Rediger.

  4. Trykk på fana Topptekst i dialogvindauget Sidestilar.

  5. Vel Vis topptekst og trykk på fana Handsamar.

  6. Vel «Venstreside» i boksen Neste stil.

  7. Trykk OK.

  8. Høgreklikk på «Venstreside» i lista over sidestilar i Stilhandsamaren og trykk deretter på Endra

  9. Trykk på fana Topptekst i dialogvindauget Sidestilar.

  10. Vel Vis topptekst og trykk på fana Handsamar.

  11. Vel «Høgreside» i boksen Neste stil.

  12. Trykk OK.

  13. Dobbeltklikk på «Høgreside» i lista over sidestilar for å bruka denne stilen på den gjeldande sida.

  14. Legg inn tekst og bilete i toppteksten for venstresider. Etter at den neste sida er lagd til i dokumentet kan du leggja inn tekst og bilete i toppteksten for høgresider.

Om topp- og botntekstar

Laga ein sidestil basert på den gjeldande sida

Setja inn kapittelnamn og -nummer i ein topp- eller botntekst

Formatera topp- og botntekstar