Arbeida med hovuddokument og underdokument

Eit hovuddokument lèt deg handsama store dokument, som for eksempel ei bok med mange kapittel. Hovuddokumentet fungerer som ein behaldar for dei enkelte LibreOffice Writer-filene. Dei enkelte filene vert kalla underdokument.

Slik lagar du eit hovuddokument

  1. Gjer éin av desse:

  1. Når du lagar eit nytt hovuddokument, må den første oppføringa i «Dokumentstrukturen» heita Tekst. Skriv inn ei innleiing eller litt tekst. Dette gjer at du kan sjå korleis deldokumenta ser ut når du har redigert stilane i hovuddokumentet.

  2. Trykk på, og hald nede ikonet Set inn i Dokumentstrukturen for hovuddokument (det skal opnast automatisk, men om det ikkje skjer, trykk på F5) og gjer eitt av desse:

  1. Vel Fil → Lagra.

Slik redigerer du eit hovuddokument

Bruk Dokumentstrukturen for å omorganisera og redigera underdokumenta i eit hovuddokument.

Ikon

For å oppdatera eit register i eit hovuddokument, vel registret i Dokumentstrukturen og trykk på knappen Oppdater.

Merknadsikon

Når du set inn eit objekt, for eksempel ei ramme eller eit bilete, i eit hovuddokument, så ikkje forankra det «Til side». Vel i staden forankringa «Til avsnitt» i Format → (Objekttype) på fana Type, og vel plasseringa «Heile sida» i listeboksane Vassrett og Loddrett.


Slik gjer du for å byrja alle deldokumenta på nye sider

  1. Sjå til at alle deldokumenta byrjar med ei overskrift som brukar same overskriftsstil, for eksempel Overskrift 1.

  2. Vel Vis → Stilar i hovuddokumentet og trykk på knappen Avsnittsstilar.

  3. Høgreklikk «Overskrift 1» og vel Rediger.

  4. Klikk på fana Tekstflyt.

  5. Vel Set inn i området Sideskift og vel deretter «Side» i boksen Type.

  6. Viss du vil at kvart deldokument skal byrja på ei oddetalsside, vel Med sidestil og vel «Høgreside».

  7. Trykk OK.

Slik eksporterar du eit hovuddokument som eit LibreOffice-tekstdokument

  1. Vel Fil → Eksporter.

  2. Vel eit filformat for tekstdokumentet i lista Filformat og trykk på Eksporter.

Merknadsikon

Underdokumenta vert eksporterte som bolkar. Bruk Format → Bolkar for å fjerna vernet av og fjerna bolkane, dersom du føretrekk eit tekstdokument utan bolkar.