Laga eit fletta brev
For å laga eit fletta brev treng du først eit tekstdokument som inneheld felt for adressedata, i tillegg til ein adressedatabase. Deretter kan du kombinera eller fletta adressedataa og tekstdokumentet, anten for å skriva ut brev, eller for å senda dei som e-post.
Dersom dokumentet er i HTML-format, vil ikkje eventuelle bilete i dokumentet eller bilete det er lenkja til verte sende med i e-posten.
Vegvisaren for brevfletting hjelper deg med å laga fletta brev.
Laga eit fletta brev
-
Vel Verktøy → Vegvisar for brevfletting.
No er du komen til Vegvisaren for brevfletting. Dette er ein av mange måtar å bruka han på:
-
Vel Start frå ein mal, og trykk Bla gjennom.
Dialogvindauget Ny kjem fram.
-
Vel Forretningskorrespondanse i den venstre lista og Moderne brev i den høgre. Trykk OK for å lukka dialogvindauget «Malar» og trykk på Neste i vegvisaren.
-
Vel Brev og trykk på Neste.
-
I det neste steget av vegvisaren klikkar du på knappen Vel adresseliste for å sjå etter at du bruker den rette adresselista. Ønskjer du å bruka ei adresseblokk, vel ein adresseblokktype og tilpass adressefelta om nødvendig og klikk på Neste.
-
No er du komen til trinnet Lag helsing. Fjern avkryssinga for Set inn personleg helsing. Under Generell helsing kan du velja kva starthelsing du vil ha øvst på alle breva.
-
Ønskjer du å plassera flettefeltet andre stader i dokumentet, vel den tilsvarande kolonnen i adressekjelda og dra og slepp kolonneoverskrifta dit du ønskjer å plassera feltet. Forsikra deg om at du har markert heile kolonnen.
-
Trykk på Neste og deretter Fullfør for å laga brevflettinga.