Søkja og byta ut i Writer

I tekstdokument kan du søka etter ord, formatering, stilar og meir. Du kan gå frå éitt resultat til det neste, eller du kan utheva alle resultata på éin gong, og deretter endra formatering eller byta ut orda med annan tekst.

Dialogvindauget «Søk og byt ut»

For å søkja etter tekst i heile dokumentet, opna dialogvindauget «Søk og byt ut» (Rediger → Søk og byt ut) utan at tekst er markert i dokumentet. Dersom du berre vil søkja i ein del av dokumentet, merk først denne delen av teksten, og opna deretter dialogvindauget «Søk og byt ut».

Slik søkjer du etter tekst

  1. Vel Rediger → Søk og byt ut for å opna dialogvindauget «Søk og byt ut».

  2. Skriv inn søkjeteksten i tekstfeltet Søk etter.

  3. Trykk anten på Finn neste eller Finn alle.

Når du trykkjer på Finn neste, vil Writer visa den neste teksten som er lik den du søkjer etter. Du kan endre søkjeteksten om du vil og trykkja på Finn neste igjen for å gå til den neste teksten som måtte finnast.

Dersom du har gått ut av dialogvindauget, kan du trykkja Ctrl+Shift+F for å finna den neste teksten utan å opna vindauget.

Du kan også bruka ikona i det nedre høgre hjørnet av dokumentet for å gå til den neste teksten eller til andre objekt i dokumentet.

Når du trykkjer på Finn alle vel Writer all tekst som er lik søkjeteksten. Nå kan du for eksempel gjera all funnen tekst halvfeit eller gje han ein spesiell teiknstil.

Slik byter du ut tekst

Merknadsikon

Utbyting av tekst kan ikkje gjelde berre for eit markert område i teksten, slik eit søk kan.


  1. Vel Rediger → Søk og byt ut for å opna dialogvindauget «Søk og byt ut».

  2. Skriv inn søkjeteksten i tekstfeltet Søk etter.

  3. Skriv inn teksten som skal erstatta søkjeteksten i skrivefeltet Byt ut med.

  4. Trykk anten på Byt ut eller Byt ut alle.

Når du klikkar på Byt ut vil Writer byrja der markøren er og søkje gjennom heile dokumentet etter søkjeteksten. Når teksten er funne, vil Writer merkja han og venta på kva du vel å gjera. Trykk på Byt ut for å byte ut den funne teksten med teksten i tekstboksen Byt ut med. Klikk på Finn neste for å søkje vidare utan å byta ut teksten i markeringa.

Når du trykkjer på Byt ut alle, vil Writer byta ut all tekst som er lik søkjeteksten.

Slik finn du stilar

Du vil finna all tekst i dokumentet som bruker ein bestemt avsnittsstil, for eksempel stilen Overskrift 2.

  1. Vel Rediger → Søk og byt ut for å opna dialogvindauget «Søk og byt ut».

  2. Trykk på Fleire val for å utvida dialogvindauget.

  3. Vel avkryssingsboksen Søk etter stilar.
    Skrivefeltet Søk etter er nå ein listeboks der du kan velja ein av avsnittsstilane som er brukte i det gjeldande dokumentet.

  4. Vel stilen det skal søkjast etter og trykk på Finn neste eller Finn alle.

Slik finn du formateringar

Du vil finna all tekst i dokumentet som bruker ei bestemt teiknformatering.

Merknadsikon

Søking etter formatering finn berre direkte teiknformatering. Formatering som er ein del av ein stil vert altså ikkje funne.


  1. Vel Rediger → Søk og byt ut for å opna dialogvindauget «Søk og byt ut».

  2. Trykk på Fleire val for å utvide dialogvindauget.

  3. Trykk på fana Stilar.

  1. Trykk anten på Finn neste eller Finn alle.

Fleire val

Likskapssøket kan finna tekst som er nesten lik søketeksten. Du kan velja kor mange teikn som kan vera ulike.

Kryss av for Likskapssøk og trykk eventuelt på Likskapar for å endra innstillingane. (Om du endrar alle tala til 1, verkar dette fint på norsk).

Tipsikon

Er støtte for asiatiske språk aktivert under → Språkinnstillingar - Språk, vil dialogvindauget «Søk og byt ut» ha innstillingar for å søkja i asiatisk tekst.


Dokumentstrukturen

Dokumentstrukturen er det viktigaste verktøyet når ein skal finna og markera objekt. Du kan også bruka dette verktøyet til å flytta og organisera kapittel med hjelp av disposisjonsvisinga av dokumentet.

Vel Vis → Dokumentstruktur for å vise dokumentstrukturen.

Bruk dokumentstruktur-verktøyet til å setja inn objekt, lenkjer og referansar i eit dokument, eller frå andre dokument. Sjå Dokumentstruktur-rettleiinga for meir informasjon.

Trykk på ikonet med den blå sirkelen på den nedre høgre delen av dokumentet for å opna det vesle vindauget for dokumentstrukturen.

Bruk det vesle dokumentstruktur-vindauget for å gå til neste objekt eller finna den neste teksten i dokumentet snøgt.