Spørja etter brukarinformasjon i felt eller vilkår

Du kan opna og samanlikna nokre brukardata frå vilkår og felt. For eksempel kan du samanlikna brukardata med desse operatorane:

Operator

Tyding

== eller EQ

er lik

!= eller NEQ

er ikkje lik


Dersom du vil, kan du bruka eit vilkår til å gøyma tekst i dokumentet for visse brukarar.

  1. Merk teksten i dokumentet som du vil gøyma.

  2. Vel Set inn → Bolk.

  3. I området Gøym vel avkryssingsboksen Gøym.

  4. I boksen Med vilkår skriv du user_lastname == «Hansen», der «Hansen» er etternamnet på brukaren du vil gøyma teksten for.

  5. Trykk på Set inn og lagra dokumentet.

Merknadsikon

Ein kan framleis sjå namnet på den gøymde bolken med dokumentstruktur-verktøyet.


Dette er ei liste over brukarvariablane du kan bruka når du lagar eit vilkår eller eit felt:

Brukarvariabel

Tyding

user_firstname

Førenamn

user_lastname

Etternamn

user_initials

Førebokstavar

user_company

Firma

user_street

Gatenamn

user_country

Land

user_zipcode

Postnummer

user_city

Poststad

user_title

Tittel

user_position

Stilling

user_tel_work

Jobbtelefon

user_tel_home

Heimetelefon

user_fax

Faksnummer

user_email

E-postadresse

user_state

Delstat/område