Laga ein sidestil basert på den gjeldande sida

Du kan utforma eit sideoppsett og deretter ein sidestil basert på det.

For eksempel kan du laga ein sidestil som viser éin topptekst og ein annan sidestil som viser ein annan topptekst.

  1. Opna eit nytt tekstdokument og vel Vis → Stilar og trykk på symbolet Sidestilar.

  2. Trykk på symbolet Ny stil frå utval og vel Ny stil frå utval frå undermenyen.

  3. Skriv inn eit namn på sida i boksen Stilnamn og trykk deretter på OK.

  4. Dobbeltklikk på namnet i lista for å bruka stilen på den gjeldande sida.

  5. Vel Set inn → Topptekst og botntekst → Topptekst og vel ein ny sidestil frå lista.

  6. Skriv inn teksten som skal stå i toppteksten. Plasser skrivemerket i hovudtekstområdet utanfor toppteksten.

  7. Vel Set inn → Fil.

  8. Vel Sideskift i området Type og vel deretter «Standard» i Stilboksen.

  9. Gjenta stega 2–6 for å laga ein ny tilpassa sidestil med ein annan topptekst.

Om topp- og botntekstar

Laga ulike topp- og botntekstar

Setja inn kapittelnamn og -nummer i ein topp- eller botntekst

Formatera topp- og botntekstar

Malar og stilar