Leggja til kapittelnummer i bilettekstar

Du kan også ta med kapittelnummer i forklaringar.

Sjå til at teksten i dokumentet er organisert i kapittel og at titlane på kapitla (ev. også titlane på inndelingane) bruker førehandslaga overskriftsstilar. Du må også nummerera avsnittsoverskriftene.

  1. Vel elementet du vil gje ei forklaring.

  2. Vel Set inn → Forklaring.

  3. Vel ein biletteksttittel i Kategoriboksen og vel ein nummereringsstil i boksen Nummerering
    . Du kan også skriva inn ein bilettekst i dette dialogvindauget. Bruk då skrivefeltet Bilettekst.

  4. Trykk på Val.

  5. Vel kor mange overskriftsnivå du vil ha i kapittelnummeret i boksen Nivå.

  6. Skriv inn teiknet du vil bruka for å skilja kapittelnummer(a) frå bilettekstnummeret i boksen Deleteikn og trykk deretter OK.

  7. Klikk på OK i dialogvindauget Bilettekst.

Tipsikon

LibreOffice kan setja inn ein bilettekst automatisk når du set inn eit objekt, eit bilete eller ein tabell. Vel → LibreOffice Writer → Automatisk bilettekst.