Bruka bilettekstar

I tekstdokument kan du leggja til forklaringstekstar som vert nummererte etter kvart på bilete, tabellar, rammer og teikneobjekt.

Du kan redigera teksten og nummereringa for ulike typar forklaringar.

Merknadsikon

Når du legg ein tekst til eit bilete eller objekt, vert objektet og teksten plassert saman i ei ny ramme. Når du legg ein tekst til ein tabell, vert denne forklaringa sett inn som eit avsnitt ved sidan av tabellen. Når du legg ein tekst til ei ramme, vert denne forklaringa lagt til teksten inni ramma, anten før eller etter teksten som ligg der frå før.


Tipsikon

For å flytta både objektet og forklaringa, dra ramma som inneheld desse elementa. For å oppdatera forklaringa etter at du har flytta ramma, trykk F9.


Slik lagar du ein bilettekst:

  1. Vel elementet du vil gje ei forklaring.

  2. Vel Set inn → Forklaring.

  3. Vel innstillingane du vil bruka og trykk OK. Du kan også skriva inn ein eigen tekst i Kategoriboksen, for eksempel Figur.

Merknadsikon

Du kan redigera forklaringa direkte i dokumentet.


Ein bilettekst vert formatert med den avsnittsstilen som høyrer til den typen som er vald i «Kategoriboksen». For eksempel vert avsnittsstilen «Tabell» brukt på biletteksten viss du set inn ein bilettekst av typen «Tabell».

Tipsikon

LibreOffice kan leggja til ein bilettekst automatisk når du set inn eit objekt, eit bilete, ei ramme eller ein tabell. Vel → LibreOffice Writer → Automatisk bilettekst.


Leggja til kapittelnummer i bilettekstar

Nummerering og nummereringsstilar

Leggja til ei punktliste

Leggja til nummerering

Slå av punktmerking og nummerering i enkelte avsnitt

Slå saman nummererte lister

Oppgje talfølgjer