Rekning på tvers av tabellar
Du kan utføra utrekningar som strekk seg over meir enn éin tabell i eit tekstdokument.
-
Opna eit tekstdokument, set inn to tabellar, og skriv inn tal i nokre få celler i kvar tabell.
-
Plasser skrivemerket i ei tom celle i éin av tabellane.
-
Trykk på F2.
-
Skriv inn funksjonen du vil utføra, for eksempel =SUM, på verktøylinja .
-
Trykk på ei celle i den store tabellen som inneheld eit tal, trykk på plussteiknet (+), og trykk deretter i ei anna celle som inneheld eit tal.
-
Trykk på Enter.