Visa resultatet av ei tabellutrekning i ein annan tabell
Du kan gjera ei utrekning med celler i éin tabell og visa resultatet i ein annan.
-
Opna eit tekstdokument, set inn ein tabell med fleire kolonnar og rader, og set deretter inn ein tabell til, med berre éi celle.
-
Skriv inn tal i nokre av cellene i den store tabellen.
-
Plasser skrivemerket i tabellen som berre har éi celle, og trykk så F2.
-
Skriv inn funksjonen du vil utføra på verktøylinja =SUM.
, f.eks., -
Trykk på ei celle i den store tabellen som inneheld eit tal, trykk på plussteiknet (+), og deretter i ei anna celle som inneheld eit tal.
-
Trykk på Enter.
Dersom du vil, kan du formatera teksten så han oppfører seg som vanleg tekst. Set inn tabellen i ei ramme og forankra ramma som eit teikn. Ramma vert verande forankra til den tilliggjande teksten når du set inn eller slettar tekst.