Rekna ut avanserte formlar i tekstdokument
Du kan bruka førehandslaga funksjonar i ein formel og setja inn resultatet av utrekninga i eit tekstdokument.
For eksempel kan du gjera dette for å rekna ut gjennomsnittet av tre tal:
-
Trykk på den staden i dokumentet der du vil setja inn formelen, og deretter F2.
-
Trykk på knappen Statistiske funksjonar.
og vel »Gjennomsnitt» frå lista -
Skriv inn dei tre tala, skilde med loddrette strekar (|).
-
Trykk Enter. Resultatet vert sett inn som eit felt i dokumentet.
Dobbeltklikk på feltet i dokumentet for å redigera formelen.