Rekna ut og lima inn resultatet av ein formel i eit tekstdokument
Viss teksten inneheld ein formel frå før, for eksempel «12+24*2», kan LibreOffice rekna ut og deretter lima inn resultatet av formelen i dokumentet utan å bruka Formellinja.
-
Merk formelen i teksten. Formelen kan berre innehalda tal og operatorar, og kan ikkje innehalda mellomrom.
-
Vel Verktøy → Rekn ut, eller trykk Cmd Ctrl + Plussteiknet (+).
-
Plasser skrivemerket der du vil setja inn resultatet av formelen, og vel deretter Cmd Ctrl + V.
eller trykk
Den valde formelen vert erstatta av resultatet.