Sjølvvalde kantlinjer i tekstdokument

Du kan bruka ulike typar kantlinjer på valde celler i ein Writer-tabell eller på heile tabellen. Andre objekt i tekstdokument kan også ha sjølvvalde kantlinjer. For eksempel kan du laga kantlinjer på sidestilar, rammer og på bilete eller diagram som er sette inn.

  1. Merk cella eller celleområdet i Writer-tabellen.

  2. Vel Tabell → Eigenskapar.

  3. Trykk på fana Kantlinjer i dialogvindauget.

  4. Vel kantinnstillingane du ønskjer og trykk på OK.

Vala i Linjeoppstilling gjev deg høve til å velja fleire kantlinjestilar.

Celleutval

Korleis området ser ut er avhengig av kva celler som er markert.

Utval

Linjeoppsett-området

Ei celle som er markert i ein tabell som er større enn éi celle eller skrivemerket er plassert i ein tabell utan at celler er valde.

Kantlinje rundt ei celle

Tabell med éi celle, denne er vald

Kantlinje rundt ei markert celle

Cellene i ein kolonne er valde

Kantlinje for markert kolonne

Cellene i ei rad er valde

Kantlinje for markert rad

Ein heil tabell med storleik 2×2 celler eller meir er markert

kantlinje rundt markert blokk


Standardval

Trykk på eitt av standard-ikona for å setja eller nullstilla fleire rammer.

Eksempel

Marker ei blokk på omkring 8ˣ8 celler og vel deretter Format → Celler → Kantlinjer.

standardikon for kantlinjer

No kan du halda fram for å sjå kva linjer dei andre ikona vil laga eller fjerna.

Sjølvvalde innstillingar

Du kan trykkje i området Brukardefinert for å leggja til eller fjerna individuelle linjer. Førehandsvisinga viser tre ulike typar linjer.

Trykk fleire gongar på ein kant eller eit hjørne for å skifta mellom dei tre ulike formene.

Linjetypar

Bilete

Tyding

Ei svart linje

heiltrukke linje foör kantlinje

Ei svart linje lagar den tilsvarande linja på dei markerte cellene. Linja vert vist som ei stipla linje når du bruker linjestilen 0,05 pt. Doble linjer vert viste når du bruker ein dobbel linjestil.

Ei grå linje

grå linje for kantlinje

Ei grå linje vert vist når den tilsvarande linja på dei markerte cellene ikkje vert endra. Ingen linjer vert laga eller fjerna i slike tilfelle.

Ei kvit linje

kvit linje for kantlinje

Ei kvit linje vert vist når den tilsvarande linja på dei markerte cellene vert fjerna.


Eksempel

  1. Marker ei enkelt celle i ein Writer-tabell og vel deretter Tabell → Eigenskapar → Kantlinjer.

  2. Vel ein tjukk linjestil.

  3. For å laga ei nedre kantlinje, trykk på den nedre kanten til ei tjukk linje vert vist.

tykk nedrekant

Merknadsikon

Alle celler i ein Writer-tabell har som standard minst ei venstre og nedre linje. Dei fleste cellene i ytterkanten av tabellen har fleire linjer enn dette som standard.


Åtvaringsikon

Alle linjer som vert viste i kvitt i førehandsvisinga vert fjerna frå cella.


Definera kantlinjer rundt teikn

Laga kantlinjer på objekt

Laga kantlinjer for avsnitt