Laga kantlinjer på objekt

I Writer kan du laga kantlinjer rundt OLE-objekt, programtillegg, diagram, bilete og rammer. Namnet på menyen som skal brukast varierer etter kva type objekt du skal arbeida med.

Slik set du inn ein førehandsvald kantstil

  1. Vel objektet du vil laga kantlinje på.

  2. Klikk på knappen Kantlinjer på verktøylinja OLE-objekt eller på verktøylinja Ramme for å opna dialogvindauget Kantlinjer.

  3. Trykk på ein av dei førehandslaga kantlinjestilane. Dette erstattar den gjeldande kantlinjestilen på objektet med den valde stilen.

Slik tilpassar du ein sjølvvald kantstil

  1. Merk dei cellene i tabellen du vil endra.

  2. Vel Format → (objektnamn) → Kantlinjer.
    Erstatt (objektnamn) med det eigentlege namnet for objekttypen du valde.

  3. I området Brukardefinert vel du kanten som skal brukast i vanleg vising. Klikk på ein kant i førehandsvisinga for å slå kantvalet av eller på.

  4. Vel ein linjestil og ein farge for den valde kantstilen i området Linje. Desse innstillingane gjeld for alle kantlinjene som er med i den valde kantstilen.

  5. Gjenta dei to siste punkta for kvar kantlinje.

  6. Vel avstanden mellom kantlinjene og innhaldet i sida i området Avstand til innhaldet.

  7. Klikk på OK for å bruka endringane.