Bruka autotekst
I LibreOffice Writer kan du lagra tekst – som også kan innehalda bilete, tabellar, og felt – som autotekst, slik at du snøgt kan setja inn denne teksten seinare. Du kan også lagra formatert tekst dersom du ønskjer det.
Slik lagar du ei autotekstoppføring
-
Vel tekst, tekst med bilete, tabell eller felt du vil lagra som ei autotekst-oppføring. Eit bilete kan berre lagrast dersom det er forankra som eit teikn og har minst éitt teikn før og etter seg.
-
Vel
. -
Vel kva kategori du vil lagra autoteksten i.
-
Skriv inn eit namn med meir enn fire teikn. Dette tillet deg å bruka autotekstvalet Vis resten av namnet som eit forslag når du skriv. Viss du vil, kan du endra den føreslåtte snarvegen.
-
Trykk på knappen Autotekst, og vel deretter Ny.
-
Trykk på fana Stilar.
Slik set du inn ei autotekstoppføring
-
Trykk på den staden i dokumentet der du vil setja inn ei autotekstoppføring.
-
Merk autoteksten du vil setja inn og trykk deretter på
.
Du kan også skriva inn snarvegen til ei autotekstoppføring og deretter trykkja F3 eller på pila ved sida av symbolet
på verktøylinja og velja ei autotekstoppføring.For å raskt skriva inn ein formel i LibreOffice Math, skriv Fn og trykk på F3. Viss du set inn meir enn éin formel, vert formlane nummererte fortløpande. For å setja inn ein eksempeltekst, skriv du dt og trykkjer på F3.
Skriva ut ei liste over autotekstoppføringar
-
Vel Verktøy → Makroar → Organiser makroar → LibreOffice Basic.
-
Vel LibreOffice Macros - Gimmicks - AutoText i trevisinga i Modular.
-
Vel «Main» i lista Eksisterande makroar i: AutoText og klikk på Køyr. Ei liste over gjeldande autotekstoppføringar vert nå generert i eit separat tekstdokument.
-
Vel Fil → Skriv ut.
Bruka autotekst i nettverksinstallasjonar
Du kan lagra autotekstoppføringar i ulike mapper på eit nettverk.
For eksempel kan du lagra «skriveverna» autotekstoppføringar for føretaket ditt på ein sentral tenar og sjølvlaga autotekstoppføringar i ei lokal mappe.
Stiane til autotekstmappene kan endrast i oppsettet.
To mapper er lista opp her. Den første oppføringa er på tenarinstallasjonen, og den andre oppføringa er i brukarmappa. Dersom mappene har ei autotekstoppføring med same namn, vert oppføringa frå brukarmappa brukt.