Laga nummererte lister og punktlister medan du skriv

LibreOffice kan laga nummererte lister og punktlister automatisk medan du skriv.

Slå på automatisk nummerering og punktliste

  1. Vel Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting, trykk på fana Val og merk av for «Punktlister og nummererte lister».

  2. Vel Verktøy → Autoretting og sjå etter at Ved skriving er vald.

Tipsikon

Valet om automatisk nummerering gjeld berre for avsnitt som er formaterte med avsnittsstilane «Standard», «Brødtekst» eller «Innrykka brødtekst».


Laga ei nummer- eller punktliste medan du skriv

  1. Skriv 1., i., eller I. for å byrja ei nummerert liste. Skriv * eller – for å byrja ei punktliste. Du kan også skriva ein sluttparentes etter talet i staden for eit punktum, for eksempel 1) eller i).

  2. Lag eit mellomrom, skriv inn teksten og trykk deretter på Enter. Det neste talet eller punktet kjem då opp automatisk i det nye avsnittet.

  3. Trykk på Enter éin gong til for å avslutta lista.

Merknadsikon

Du kan starta ei nummerliste med kva tal som helst.


Nummerering og nummereringsstilar

Format → Punkt og nummerering