Organisera kapittel med «Dokumentstruktur»

Du kan flytta overskrifter og underordna tekst oppover og nedover i eit dokument ved å bruka verktøyet «Dokumentstruktur». Du kan også endra nivå på overskriftene. For å bruka dette verktøyet, formater overskriftene i dokumentet med ei av dei førehandsinnstilte avsnittsoverskriftene. For å bruka ein sjølvvald avsnittsstil på ei overskrift, vel Verktøy → Kapittelnummerering, vel stilen i boksen Avsnittsstil og dobbeltklikk på eit tal i nivålista.

Tipsikon

For å flytta skrivemerket til ei overskrift i dokumentet, dobbeltklikk på overskrifta i Dokumentstrukturen.


For å festa dokumentstruktur-vindauget, dra tittellinja på det til enden av arbeidsområdet. Dobbeltklikk på ramma medan du held nede tasten for å losna dokumentstruktur-vindauget att.

Flytta ei overskrift opp og ned i dokumentet

Åtvaringsikon

Sjå til at alle overskriftsnivå er viste i Dokumentstrukturen. Som standard er alle nivå viste. Sjå stega under for å endra på kva overskriftsnivå som skal visast.


  1. Klikk på knappen Datastruktur Ikonstandardverktøylinja for å opna Datastruktur.

  2. I Datastruktur, klikk på ikonet InnhaldsvisingIkon.

  3. Gjer éin av desse:

  1. Dra ei overskrift til ei ny plassering i Dokumentstrukturen.

  2. Klikk på overskrifta i Datastruktur, klikk deretter på Kapittel oppIkon eller Kapittel ned Ikon.

Merknadsikon

For å flytta berre overskrifta og ikkje teksten som ligg under ho, hald nede tasten medan du flyttar overskrifta ved å dra eller ved å trykkja på knappen Flytt kapittel opp eller Flytt kapittel ned.


Flytta nivået på ei overskrift opp og ned

  1. Vel overskrifta i dokumentstrukturen.

  2. Klikk på Flytt nivå oppIkon eller Flytt nivå ned Ikon.

Endra talet på overskriftsnivå som vert viste

Klikk på knappen Vis overskriftsnivåIkon og vel eit nummer frå lista.