Plassera objekt

Du kan bruka forankringar for å plassera objekt, bilete og rammer i eit dokument. Eit forankra element vert verande der det er og vert berre flytt når du gjer endringar i dokumentet. Desse forankringsvala er tilgjengelege:

Forankring

Effekt

Som teikn

Forankrar det valde elementet som eit teikn i den gjeldande teksten. Dersom høgda på det valde elementet er større enn gjeldande skriftstorleik, vert høgda på linja som inneheld elementet auka.

For å midtstilla eit bilete på ei nettside, set inn biletet, forankra det «som teikn», og midtstill deretter avsnittet.

Til teikn

Forankrar det valde elementet til eit teikn.

Til avsnitt

Forankrar det valde elementet til det gjeldande avsnittet.

Til side

Forankrar det valde elementet til den gjeldande sida.

Til ramme

Forankrar det valde elementet til den omsluttande ramma.


Når du set inn eit objekt, bilete eller ei ramme, dukkar det opp eit forankringsikon der objektet er forankra. Du kan flytta eit forankra element ved å dra det til ein annan stad. For å endra forankringsvalet til eit objekt, høgreklikk på det og vel deretter eit av alternativa frå undermenyen Forankring.