Dokumentklassifisering

Dokumentklassifisering og tryggleik er viktige emne for næringslivet og offentleg sektor.

Informasjon vert utveksla mellom brukarane og organisasjonar som samarbeider for å nå eit felles mål. Der sensitiv informasjon er involvert, reknar ein med at partane har avtalt kva informasjon som er sensitiv og korleis slik informasjon skal identifiserast og handsamast. Alle som mottar slik informasjon er avhengige av at leverandøren av informasjon føljer dei avtalte prosedyrane for å identifisere kor kjenslevar informasjonen er.

LibreOffice har standardiserte måtar for å handsama sensitiv informasjon, som kan brukast mellom partane om interoperable system skal brukast. Desse gir eit sett med standard «felt» som kan nyttast til å halda sensitiv informasjon. Desse definerer ikkje kva innhaldet i desse «felta» skal vera. Denne tilnærmingsmåten gir ei forbetring for det einaste nåverande alternativet, som er å bruka ein tilfeldig måte å uttrykke sensitiv informasjon som kanskje er unyttig for mottakaren.

Medan denne standarden er utvikla for å vera aktuell i alle typar verksemder, har LibreOffice halde på luftfarts- og forsvarsindustriens nomenklatur og kategoriar, der tryggingsmerking er eit resultat av nasjonal trygging, eksportkontroll og immaterielle rettar.

LibreOffice implementerte ein leverandøruavhengig open standard utvikla av TSCP (Transglobal Secure Collaboration Participation, Inc.). To av desse er spesielt interessante:

BAF-kategoriar

Standard BAF-kategoriar for LibreOffice er lista nedanfor.

Tipsikon

Berre kategorien, immaterielle rettar vil endra utforminga av dokumentet med eit vassmerke, felt i topp og botn og ei informasjonsrad på toppen av dokumentområdet. Kvart objekt som vert lagt inn i dokumentet vert kontrollert av klassifikasjons-konfigurasjonsfila.


Åndsverk

Immaterielle rettar er ein generell term for innhaldet i dokumentet, Vel denne kategorien for generell dokument-klassifisering.

Nasjonal tryggleik

Vel kategorien for nasjonal tryggingspolicy-type for dokumentet. Den valde kategorien vert lagra saman med dokumentet som BAILS-metadata i fileigenskapane, men utan at dokumentutforminga og brukargrensesnittet vert endra.

Eksportkontroll

Vel kategorien for policy-type for eksportkontroll. Den valde kategorien vert lagra saman med dokumentet som BAILS-metadata i fileigenskapane, men utan at dokumentutforminga og brukargrensesnittet vert endra.

Åtvaringsikon

Sjå datasikringsregelverket for firmaet og spør informasjonstryggingsmedarbeidaren om støtte for klassifisering av dokumnetet.


Standardnivå for klassifisering.

LibreOffice har standard klassifikasjonsnivå for dokument (BAILS som vist nedanfor, sortert i stigande tryggingsordning:

Tilpassing av klassifiseringsnivå.

LibreOffice tillet tilpassing av klassifiseringsnivåa i verksemda. For å tilpassa talet på og namna på kvart nivå, kopier fila example.xmlsom finst i Verktøy → Innstillingar → LibreOfiice → Stiar → Klassifisering inn i ei lokal mappe og rediger innhaldet.

Tipsikon

Bruk fila i LibreOffice-lokale i namnet som eit eksempel.


Lagra fila og gjer dei aktuelle endringane i klassifiseringstien over tilgang til fila.

Tipsikon

Systemadministrator kan plassera fila i ei nettverksmappe og setja opp alle brukarane til å bruka klassifiseringsfila.


Lime inn innhald i dokument med ulike klassifiseringsnivå.

For å hindra brot på tryggingsretningslinjene kan du ikkje lima innhald med høg tryggingsklassifisering inn i dokument med lågare klassifisering. LibreOffice viser ei åtvaring når innhald i utklippstavla har ei høgare klassifisering enn måldokumentet.

Klassifiseringslinje

Klassifikasjonslinjen inneheld verktøy for å sikra handsaminga av dokumentet

Verktøylinja for klassifisering inneheld listeboksar som hjelper deg å setja tryggingsnivå for dokumentet i høve tilBAF-kategoriretningslinjene ogBAILS-nivå. LibreOffice legg til tilpassa felt i dokumenteigenskapane (Fil → Eigenskapar, fana for tilpassa felt) for å lagra klassifiseringsretningslinjene som metadata for dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Gå til menyen Vis → Verktøylinjer og velKlassifisering