Modus for direkte skrivemerke

Slår av eller på det direkte skrivemerket. Du kan velja korleis det direkte skrivemerket skal fungera under LibreOffice Writer → Formateringsstøtte.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Rediger → Modus for direkte skrivemerke

Når du er på verktøylinja, trykk på

Ikon

Byt modus for direkte skrivemerke


Direkte skrivemerke lèt deg trykkja på eit tomt område i eit dokument, slik at du med ein gong kan plassera tekst, bilete, rammer og andre objekt der.

Dersom du plasserer det direkte skrivemerket om lag midt mellom den venstre og høgre margen på ei side eller tabellcelle, vil teksten du skriv verta midtstilt. På same måten vert teksten høgrejustert dersom det direkte skrivemerket vert plassert ved den høgre margen.

Åtvaringsikon

Verktøyet autoretting fjernar automatisk tomme avsnitt, tabulatorar og mellomrom som vert sette inn av direkte skrivemerke. Dersom du vil bruka direkte skrivemerke, må du slå av autoretting.


Direkte skrivemerke lagar tabulatorar for å plassera skrivemerket. Dersom tabulatorane vert endra seinare, kan det henda plasseringa av teksten på sida vert endra også.