Klokkeslett

Set inn gjeldande klokkeslett som eit felt. Klokkeslettet vert teke rett frå systeminnstillingane i operativsystemet. Det vert brukt eit fast tidsformat som ikkje kan endrast med funksjonstasten F9.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Felt → Klokkeslett


For å bruka eit anna tidsformat eller henta inn faktiske klokkeslettdata, vel du Set inn → Felt → Fleire felt og gjer dei innstillingane du vil i dialogvindauget Felt. Formatet på eit eksisterande klokkeslettfelt kan endrast når som helst ved å velja Rediger → Felt.