Formel

Opnar ein undermeny som du kan bruka til å setja inn ein formel i ei tabellcelle. Plasser skrivemerket i ei tabellcelle eller på den staden i dokumentet der du vil at resultatet skal visast. Trykk på knappen Formel og vel den formelen du ønskjer frå undermenyen.

Formelen dukkar opp på inndatalinja. For å oppgje eit celleområde i ein tabell, merkar du dei ønskte cellene med musa. Dei tilsvarande cellereferansane vil då dukka opp på inndatalinja. Legg til andre parameterar dersom du ønskjer det, og trykk Bruk for å stadfesta det du har skrive. Du kan også skriva inn formelen direkte dersom du kjenner syntaksen. Dette vil vera nødvendig i for eksempel dialogvindauga Set inn felt og Rediger felt.

Ikon

Formel

Samandrag av formelinnstillingar

Grunnleggjande reknefunksjonar

Addisjon

+

Reknar ut summen.

Eksempel: <A1> + 8

Subtraksjon

-

Reknar ut differansen.

Eksempel: 10 - <B5>

Multiplikasjon

MUL eller *

Reknar ut produktet.

Eksempel: 7 MUL 9

Divisjon

DIV eller /

Reknar ut kvotienten.

Eksempel: 100 DIV 15


Grunnleggjande funksjonar i undermenyen

Sum

SUM

Reknar ut summen av dei merkte cellene.

Eksempel: SUM <A2:C2> visar summen av verdiane i cellene A2 til C2

Avrund

ROUND

Avrundar tal til dei valde desimalplassane.

Eksempel: 15, 678 ROUND 2 visar 15,68

Prosent

PHD

Reknar ut ein prosent.

Eksempel: 10 + 15 PHD visar 10,15

Kvadratrot

KVROT (SQRT på engelsk)

Reknar ut ein kvadratrota.

Eksempel: SQRT 25 visar 5,00

Potens

POW

Reknar ut potensen av eit tal.

Eksempel: 8 POW 2 visar 256,00


Operatorar

Du kan setja ymse operatorar inn i formelen. Dette er dei du har å velja mellom:

Listeskilje

|

Skil elementa i ei liste.

Eksempel på bruk av liste:

MIN 10|20|50|<C6>|<A2:B6>|20

Lik

EQ eller ==

Kontrollerer om dei valde verdiane er like. Er dei ulike vert resultatet null, elles 1 (sann).

Eksempel: <A1> EQ 2 viser 1 viss innhaldet i A1 er lik 2.

Ikkje lik

NEQ eller !=

Kontrollerer om dei valde verdiane er ulike.

Eksempel: <A1> NEQ 2 viser 0 (usann) viss innhaldet i A1 er lik 2.

Mindre enn eller lik

LEQ

Kontrollerer om verdiane er like ein oppgjeven verdi.

Eksempel: <A1> LEQ 2 viser 1 (sann) viss innhaldet i A1 er mindre enn eller likt 2.

Større enn eller lik

GEQ

Kontrollerer om verdiane er større enn eller like ein oppgjeven verdi.

Eksempel: <A1> GEQ 2 viser 1 (sann) viss innhaldet i A1 er større enn eller likt 2.

Mindre enn

L

Kontrollerer om verdiane er mindre enn ein oppgjeven verdi.

Eksempel: <A1> L 2 viser 1 (sann) viss innhaldet i A1 er mindre enn 2.

Større enn

G

Kontrollerer om verdiane er større enn ein oppgjeven verdi.

Eksempel: <A1> G 2 viser 1 (sann) viss innhaldet i A1 er større enn 2.

Boolsk ELLER

OR

Kontrollerer om verdiane passar logisk ELLER.

Eksempel: 0 OR 0 visar 0 (usann), kva som helst anna gjev 1 (sann)

Boolsk eksklusiv ELLER

XOR

Kontrollerer om verdiane passar logisk eksklusiv ELLER.

Eksempel: 1 XOR 0 visar 1 (sann)

Boolsk OG

AND

Kontrollerer om verdiane passar logisk OG.

Eksempel: 1 AND 2 visar 1 (sann)

Boolsk IKKJE

NOT

Kontrollerer om verdiane passar logisk IKKJE.

Eksempel: NOT 1 (sann) visar 0 (usann)


Statistiske funksjonar

Du kan velja mellom desse statistiske funksjonane:

Gjennomsnitt

MEAN

Reknar ut det aritmetiske gjennomsnittet av verdiane i eit område eller ei liste.

Eksempel: MEAN 10|30|20 visar 20

Minsteverdi

MIN

Reknar ut den minste verdien i eit område eller ei liste.

Eksempel: MIN 10|30|20 visar 10

Størsteverdi

MAX

Reknar ut den største verdien i eit område eller ei liste.

Eksempel: MAX 10|30|20 visar 30


Trigonometriske funksjonar

Du kan velja mellom desse trigonometriske funksjonane:

Sinus

SIN

Reknar ut sinus i radianar.

Eksempel: SIN (PI/2)

Cosinus

COS

Reknar ut cosinus i radianar.

Eksempel: COS 1

Tangens

TAN

Reknar ut tangens i radianar.

Eksempel: TAN<A1>

Invers sinus

ASIN

Reknar ut invers sinus i radianar.

Eksempel: ASIN 1

Invers cosinus

ACOS

Reknar ut invers cosinus i radianar.

Eksempel: ACOS 1

Invers tangens

ATAN

Reknar ut invers tangens i radianar.

Eksempel: ATAN 1


Variablar for dokumenteigenskapar

Dei følgjande eigenskapane finn du også under Fil → Eigenskapar → Statistikk.

CHAR

Talet på teikn i dokumentet

WORD

Talet på ord i dokumentet

PARA

Talet på avsnitt i dokumentet

GRAPH

Talet på bilete i dokumentet

TABLES

Talet på tabellar i dokumentet

OLE

Talet på OLE-objekt i dokumentet

PAGE

Talet på sider i dokumentet


Fleire oppgjevne verdiar

PI

PI

3.1415 …

Eulers konstant

E

2.71828 …

Sann

TRUE

Ikkje lik 0

Usann

USANN

0