Sidevassmerke

Set inn ein vassmerketekst i bakgrunnen for den gjeldande sidestilen.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Vassmerke.


Eit vassmerke er eit bilete eller mønster i papir for å identifisera papiret. Vassmerket er synleg som ulike grader av lysstyrke når det vert sett mot eit sterkt lys. Vassmerka vart opphavleg set inn når papiret vart laga for å verna mot falskneriar av dokument, pengesetlar, frimerke osv.

Bruk vassmerke i LibreOffice Writer for å etterlikna vassmerke i papiret på dokumentsidene.

Fyll ut innstillingane i dialogvindauget nedanfor.

Merknadsikon

Dei innskrivne verdiane vert brukte i den gjeldande sidestilen.


Dialogvindauget for vassmerke

Tekst

Skriv inn vassmerketeksten som skal visast som bilete på sidebakgrunnen.

Skrifttype

Vel skrifttype frå lista.

Merknadsikon

Du kan ikkje velja skriftstorleik eller skriftstil for vassmerketeksten. Teksten vert skalert slik at han passar inn på éi linje i sidebakgrunnen.


Vinkel

Vel kor mange grader vassmerke skal hella. Ein positiv verdi gjer at vassmerket går frå botnen til toppen, ein negativ verdi gjer at vassmerket går frå toppen til botnen.

Gjennomsikt

Vel kor gjennomsiktig vassmerket skal vera. 0 % lagar eit opakt vassmerke, 100 % lagar eit fullstendig gjennomsiktig (usynleg) vassmerke.

Farge

Vel ein farge frå nedtrekkslista.

Slik kan du endra innhaldet eller innstillingane for eit vassmerke.

Dersom vassmerket som er i bruk er sett inn frå menykommandoen Format → Vassmerke eller frå dokumentklassifikasjonsinnstillingane, kan du redigera indhaldet og innstillingane ved å opna dialogvindauget for vassmerke.