Vel adresseblokk

Vert brukt til å velja, redigera eller sletta ei adresseblokkutforming som er brukt til brevfletting.

Vel den føretrekte adresseblokka

Vel kva blokk i lista du vil bruka til brevflettingsadresser, og trykk på OK.

Ta aldri med land/region

Ta ikkje med land eller delstat/region i adresseblokka.

Ta alltid med land/region

Ta med land eller delstat/region i adresseblokka.

Ta med land/region viss ulik frå:

Berre ta med land eller delstat/region i adresseblokka dersom verdien er ein annan enn den du skriv inn i tekstfeltet.

Skriv inn kva land, delstat eller region som ikkje skal skrivast ut.

Ny

Opna dialogvindauget Ny adresseblokk, der du kan laga eit nytt adresseblokkoppsett.

Rediger

Opna dialogvindauget Rediger adresseblokka der du kan endra på det valde adresseblokkoppsettet.

Fjern

Slettar det valde adresseblokkoppsettet.