Ny adresseliste

Skriv inn nye adresser eller rediger adressene som vert brukte til å laga brevflettings-dokument. Når du trykkjer OK, kjem det fram eit dialogvindauge der du vel kor adresselista skal lagrast.

Adresseinformasjon

Skriv inn eller rediger feltinnhaldet for kvar brevflettingsmottakar.

Vis post nummer

Trykk på knappane for å bla gjennom datapostane eller skriv inn eit postnummer for å gå rett til ein datapost.

Ny

Legg til ein ny, tom datapost i adresselista.

Fjern

Slett den valde dataposten.

Søk

Opna dialogvindauget Finn oppføring. Du kan la dialogvindauget stå ope medan du redigerer oppføringane.

Oppsett

Opna dialogvindauget Tilpass adresseliste, der du kan flytta, endra namnet på, leggja til og sletta felt.