Senda fletta dokument som e-post

Senda det fletta dokumentet på e-post til alle mottakarane eller nokre av dei.

Alternativ for e-post

Til

Vel kva databasefelt som inneheld e-postadressa til mottakaren.

Kopier til

Opna dialogvindauget Kopi til, der du kan velja éi eller fleire kopi- og blindkopiadresser.

Emne

Skriv inn emnelinja til e-postmeldingane.

Send som

Vel formatet på e-postmeldingane.

Merknadsikon

Vanleg tekst og HTML-meldingar vert lagt til i meldingsteksten. Filformat som *.odt, *.doc, og *.pdf vert lagt til som vedlegg.


Eigenskapar

Opna dialogvindauget E-postmelding, der du kan skriva inn e-postmeldinga til brevflettingsfilene som vert sende som vedlegg.

Namn på vedlegget

Viser namnet på vedlegget.

Send postar

Send alle dokumenta

Merk for å senda e-post til alle mottakarane.

Frå

Vel ei rekkje datapostar frå postnummeret i Frå-feltet opp til postnummeret i Til-feltet.

Frå

Skriv inn nummeret på den første posten som skal takast med i brevflettinga.

Til

Skriv inn nummeret på den siste posten som skal takast med i brevflettinga.

Send dokumenta

Trykk her for å byrja å senda e-post.