Tilpassa helsing

Vert brukt til å velja utforminga av helsingar i dokument som skal brukast til brevfletting eller e-postfletting. Namnet på dette dialogvindauget er ulikt for kvinnelege og mannlege mottakarar.

Helsingselement

Vel eit adressefelt og dra feltet over til den andre lista.

>

Legg det valde feltet frå lista over helsingselement til i den andre lista. Du kan leggja til eit felt fleire enn éin gong.

<

Fjernar det merkte feltet frå lista til høgre.

Dra helsingselement til boksen nedføre

Still opp felta med dra-og-slepp, eller ved å bruka pilknappane.

Tilpass helsing

Vel ein verdi frå lista til felta for helsing og teiknsetjing.

Førehandsvising

Førehandsvis den første databaseposten med det noverande helsingsoppsettet.

(Pilknappar)

Vel eit element i lista og trykk på ein pilknapp for å flytta på det.