Vegvisar for brevfletting → Adresser
Vel kven som skal motta brevflettingsdokumentet og vel utforminga for adresseblokka.
Brevflettingsvegvisaen vil opna denne sida viss du startar vegvisaren i eit tekstdokument som inneheld adressedatabasefelt frå før. Viss vegvisaren vert opna direkte frå denne sida, vil teksten på knappen Vel adresseliste i staden vera Vel ei anna adresseliste.
Tittelen på denne sida er Adresseblokk for brev og Adresseliste for e-postmeldingar.
Vel adresseliste
Opnar dialogvindauget Vel adresseliste, der du kan velja ei datakjelde for adresser, leggja til nye adresser eller skriva inn ei ny adresseliste.
Når du redigerar datapostar i ei datakjelde for eit Calc-rekneark som vert brukt til brevfletting, vil desse endringene ikkje verta synlege i brevflettinga.
Dette dokumentet skal innehalda ei adresseblokk
Legg til ei adresseblokk i brevflettingsdokumentet.
Vel kva adressebokoppsett du vil bruka.
Dersom du merkjer av for Dette dokumentet skal innehalde ei adresseblokk, vert det tredje og fjerde steget slått på. Du kan nå tilpassa adresseblokkelementa og feltnamna brukte i brevet.
Ignorer linjer med berre tomme felt
Set eit merke i denne avkryssingsboksen viss du vil hoppa over tomme linjer i adressene.
Modus
Opnar dialogvindauget Vel adresseblokk.
Tilordna felt
Opnar dialogvindauget Tilordna felt.
Du kan ikkje gjere ferdig malen for brevfletting utan at alle adresseelementa er tilpassa ei kolonneoverskrift med knappen Fullfør. Du kan heller ikkje gå vidare til det fjerde steget i vegvisaren.
(Pilknappar)
Du kan bla med desse knappane for å visa informasjon frå den førre eller den neste dataposten.
Neste steg: Vegvisar for brevfletting → Laga ei helsing
Du kan også trykka knappen Ferdig og brukaverktøylinja for brevfletting for å gjera ferdig brevflettinga.