Linjenummerering

Legg til eller fjernar og formaterer linjenummer i det gjeldande dokumentet. Du kan halda eit avsnitt unna linjenummereringa ved å setja skrivemerket i avsnittet, velja Format → Avsnitt, trykkja fana Nummerering og fjerna merket i avkryssingsboksen Ta med dette avsnittet i linjenummereringa. Du kan også halda unna ein avsnittsstil frå linjenummereringa.

Merknadsikon

Linjenummer er ikkje tilgjengelege i HTML-format.


For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Linjenummerering (gjeld ikkje i HTML-dokument)


Vis nummerering

Legg til linjenummer i det gjeldande dokumentet.

Vis

Set eigenskapane for linjenummerering.

Teiknstil

Vel farmateringsstilen du vil bruka for linjenummera.

Format

Vel stilen du vil bruka for linjenummera.

Posisjon

Vel plasseringa av linjenummera.

Avstand

Skriv inn kor stor avstanden mellom linjenummera og teksten skal vera.

Intervall

Skriv inn intervalla for linjenummereringa.

Skiljeteikn

Skriv inn eit skiljeteikn som skal visast mellom linjenumra viss intervallet for vising av linjenummer er meir enn ei linje.

Neste

Skriv teksten som skal brukast som skilje.

Kvar

Skriv inn talet på linjer mellom skiljemerka.

Merknadsikon

Skiljeteikna vert berre viste i linjer som ikkje er nummererte.


Tal

Vel om tomme avsnitt eller linjer i tekstrammer skal reknast med når linjene vert talde.

Tomme linjer

Ta også med tomme avsnitt i linjenummereringa.

Linjer i tekstrammer

Legg til linjenummer for tekst i tekstrammer. Nummereringa byrjar på nytt i kvar tekstramme og vert ikkje tatt med i linjeteljinga for hovudteksten i dokumentet. Nummereringa byrjar ikkje på nytt i lenka rammer.

Byrja på nytt for kvar ny side

Byrjar linjenummereringa på nytt øvst på kvar side i dokumentet.

Leggja til linjenummer