Gjere om tekst til tabell
Vert brukt for å gjera den merkte teksten om til ein tabell eller den merkte tabellen om til tekst.
Vala som er tilgjengelege i dette dialogvindauget er avhengig av kva veg omgjeringa går.
Skil tekst ved
Eit skiljeteikn, for eksempel ein tabulator, merkar kor skiljet mellom kolonnar skal gå i den merkte teksten. Kvart avsnitt i utvalet vertomgjort til ei rad i tabellen. Noko liknande skjer når du gjer ein tabell om til tekst. Då vert skiljet mellom kolonnane gjort om til teiknet du vel, og kvar rad vert omgjort til eit eige avsnitt.
Tabulatorar
Konverterar tekst til ein tabell med tabulatormerka som kolonnemarkørar.
Semikolon
Konverterar tekst til ein tabell med semikolon (;) som kolonnemarkør.
Avsnitt
Konverterar tekst til ein tabell med avsnitt som kolonnemarkør.
Anna:
Konverterar tekst til ein tabell med teiknet du skreiv i tekstfeltet som kolonnemarkør.
Tekstfelt
Skriv inn teiknet du vil bruka som kolonnemarkør.
Lik breidd for alle kolonnar
Lagar jambreie kolonnar, uavhengig av plasseringa av kolonnemarkøren.
Autoformatering
Opnar dialogvindauget Autoformatering der du kan velja ei førehandstilpassa tabellutforming.
Val
Overskrift
Formaterar den første rada i den nye tabellen som tabelloverskrift.
Gjenta overskrifta
Gjentar tabelloverskrifta på kvar side tabellen strekkjer seg over.
Dei første … radene
Gjentar dei første x radene som ei overskrift.
Ikkje del tabellen
Gjer at tabellen ikkje vert delt over fleire sier.
Kantlinje
Legg til ein kant rundt tabellen og tabellcellene.