Sluttnotar
Vel korleis sluttnotar skal formaterast. Du kan velja nummereringstype og kva for stilar som skal brukast.
Autonummerering
Start på
Skriv inn nummeret for den første sluttnoten i dokumentet. Dette er nyttig dersom du vil at nummereringa av sluttnotane skal gå over fleire dokument.
Før
Skriv inn teksten du vil visa framføre nummeret til sluttnoten i sluttnoteteksten. Du kan for eksempel skriva inn «til» for å visa «til 1».
Etter
Skriv inn tekst du vil visa etter nummeret til sluttnoten i sluttnoteteksten. Du kan for eksempel skriva inn «)» for å visa «1)».
Stil
Du bør knytta ein avsnittsstil til sluttnotane i dokumentet for å sikra at dei har ein einsarta utsjånad.
Avsnitt
Vel avsnittsstilen for sluttnoteteksten.
Side
Vel sidestilen for sluttnoteteksten.
Teiknstil
Du kan tildele stiler til sluttnoteankre og sluttnotetekst. Du kan bruka ein av dei førehandsbestemte sluttnotestilane eller ein annan stil.
Tekstområde
Vel teiknstilen som skal brukast på sluttnoteankera i tekstområdet i dokumentet.
Sluttnoteområde
Vel teiknstilen som skal brukast på tal i sluttnoteområdet.