Fotnotar

Bestemmer formateringa for fotnotar og sluttnotar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Verktøy → Fotnotar og sluttnotar → Fotnotar


Merknadsikon

Du kan setja opp fleire innstillingar for fotnotar ved å velja Format → Side og trykkja fana Fotnote.


Autonummerering

Nummerering

Vel nummereringsstilen du vil bruka for fotnotar og sluttnotar.

Utval

Skildring

A, B, C

Store bokstavar

a, b, c

Små bokstavar

I, II, III

Romartal (store bokstavar)

i, ii, iii

Romartal (små bokstavar)

1, 2, 3

Arabiske tal

A,... AA,... AAA,...

Alfabetisk nummerering med store bokstavar. Etter dei første 26 oppføringane byrjar nummereringen på nytt med «AA».

a,... aa,... aaa,...

Alfabetisk nummerering med små bokstavar. Etter dei første 26 oppføringane byrjar nummereringen på nytt med «aa».


Teljing

Vel nummereringsstil for fotnotar.

Val

Tyding

Per side

Startar nummereringa av fotnotar på nytt øvst på kvar side. Dette valet kan berre brukast når det er sett eit merke i avkryssingsboksen Sideslutt i området Plassering.

Per kapittel

Byrjar nummereringa av fotnotar på nytt i byrjinga av kvart kapittel.

Per dokument

Nummererer fotnotene i dokumentet fortløpande.


Start på

Vel nummeret du vil bruka på den første fotnoten i dokumentet. Dette valet kan berre brukast når du har vald «Per dokument» i lista Teljing.

Før

Skriv inn teksten som skal visast framføre nummeret til fotnoten i fotnoteteksten. Du kan for eksempel skriva inn «Til» for å visa «Til 1».

Etter

Skriv inn teksten som skal visast etter nummeret til fotnoten i fotnoteteksten. Du kan for eksempel skriva inn «)» for å visa «1)».

Tipsikon

Fotnotenumra vert i standardoppsettet venstrejusterte i fotnoteområdet. For å høgrejustera fotnotenummera må du først redigera avsnittsstilen Fotnote. Trykk F11 for å opna dialogvindauget Stilhandsamar og vel Fotnote frå lista med avsnitsstilar. Opna lokalmenyen ved å høgreklikka og vel Rediger. Gå til fana Innrykk og mellomrom og set innrykk til 0 før og etter avsnittet, også for første linja. På fana Tabulatorar set du inn ein høgretabulator ved 12 pt og ein venstretabulator ved 14 pt. I Innstillingar for fotnotar/slutnotar skriv du inn \t i innskrivingsboksane Før og Etter.


Posisjon

Sideslutt

Viser fotnotane nedst på sida.

Dokumentslutt

Viser fotnotar ved slutten av dokumentet som sluttnotar.

Stil

Du bør knytte ein avsnittsstil til fotnotene i dokumentet for å sikra at dei har ein einsarta utsjånad.

Avsnitt

Vel avsnittsstilen for fotnoteteksten.

Side

Vel sidestilen du vil bruka for fotnotar.

Merknadsikon

Dette valet kan berre brukast når det er sett eit merke i avkryssingsboksen Dokumentslutt i området Plassering.


Teiknstil

Du kan tildela stilar til fotnoteanker og fotnotetekst. Du kan bruka ein av dei førehandsbestemte fotnotestilane eller ein annan stil.

Tekstområde

Vel teiknstilen du vil bruka for fotnoteankera i tekstområdet for fotnotar i dokumentet.

Fotnoteområde

Vel teiknstilen som skal brukast for nummerering av fotnotane i fotnoteområdet.

Framhaldsmelding

Fotnoteslutt

Skriv inn teksten du vil vise når fotnotane held fram på neste side, for eksempel «Held fram på side ». LibreOffice Writer vil automatisk setja inn sidetalet til den neste sida.

Først på neste side

Skriv inn teksten som skal visast når fotnotane held fram frå den førre sida, for eksempel «Framhald frå side ». LibreOffice Writer vil automatisk setja inn sidetalet til den førre sida.