Nummerering

Vert brukt til å spesifisera nummereringsformatet og hierarkiet for kapittelnummerering i det gjeldande dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Verktøy → Kapittelnummerering → Nummerering


Innrykksnivå

Trykk på kapittel- og disposisjonsnivået du vil endra og vel nummereringsvala du vil bruka på dette nivået. Du kan velja «1-10» viss du vil bruka vala for nummerering, unntatt avsnittsstilen, på alle nivåa.

Nummerering

Vert brukt for å spesifisera formateringa for det valde disposisjonsnivået.

Avsnittsstil

Vert brukt for å velja avsnittsstilen du vil bruka for det valde kapittel- og disposisjonsnivået. Viss du vel «Ingen», vert det ikkje definert nokon avsnittsstil for det valde disposisjonsnivået.

Tal

Vel nummereringsstil for det valde disposisjonsnivået.

Val

Beskriving

A, B, C, ...

Store bokstavar

a, b, c, ...

Små bokstavar

I, II, III, ...

Romartal (store bokstavar)

i, ii, iii, ...

Romartal (små bokstavar)

1, 2, 3, …

Arabiske tal

A,... AA,... AAA,...

Alfabetisk nummerering med identiske store bokstavar, der talet på bokstavar viser kapittelnivået. For eksempel vil det andre talet på nivå tre vera «BBB».

a,... aa,... aaa,...

Alfabetisk nummerering med identiske små bokstavar, der tale på bokstavar viser kapittelnivået. For eksempel vil det tredje talet på nivå to vera «cc».

Ingen

Det vert ikkje brukt nummereringssymbol. Det er berre teikn eller symbol som er gjevne i felta under Skiljeteikn som vert viste i byrjinga av den nummererte linja.


Teiknstil

Vel formatet på nummereringsteikna.

Vis undernivå

Vel kor mange nivå for disposisjonsnummerering som skal brukast i kapittelnummereringa. Vel du for eksempel «3» for å visa tre nivå for kapittelnummerering, vil dette verta vist som 1.1.1

Skiljeteikn framføre

Skriv inn teksten som skal visast framføre kapittelnummeret. For eksempel kan du skriva inn «Kapittel » for å visa «Kapittel 1».

Skiljeteikn etter

Skriv inn teksten du vil visa etter kapittelnummeret. For eksempel kan du skriva inn eit punktum (.) for å visa «1.».

Start på

Vel kva tal kapittelnummereringa starta på nytt frå.