Ordteljing

Tel ord og teikn, med eller utan mellomrom, i den gjeldande markeringa og i heile dokumentet. Teljinga er til ei kvar tid oppdatert og vil endra seg når du skriv inn eller endrar utvalet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Ordteljing


Korleis tel LibreOffice ord?

Til vanleg er kvar teiknstreng mellom to mellomrom eit ord. Også tankestrekar, linjeskift og avsnitt er avgrensingar mellom ord.

Ord som alltid inneheld ein synleg delestrek, som plug-in og neste/førre, vert rekna som eitt ord.

Orda kan vera ei blanding av bokstavar, tal og spesialteikn. Den følgjande teksten vert såleis tald som fire ord: abc123 1.23 "$" http://www.example.com.

For å leggja til eit tilpassa teikn som skal brukast som ordskilje, vel → LibreOffice Writer → Generelt og skriv inn ønskt skiljeteikn i feltet Fleire skiljeteikn.