Autoformatering for tabellar

Formaterer den gjeldande tabellen automatisk, inkludert skrift, skuggelegging og kantlinjer.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Tabell → Autoformater stilar (når skrivemerket er i ein tabell)


Bruka autoformatering på ein tabell

  1. Plasser skrivemerket i ei tabellcelle, eller merk cellene du vil formatera.

  2. Vel Tabell → Autoformater stilar og trykk formatet du vil bruka.

  3. Trykk OK.

Format

Vis dei tilgjengelege formateringsstilane for tabellar. Trykk på formatet du vil bruka og trykk OK.

Legg til

Legg ein ny tabellstil til lista.

  1. Formater ein tabell i dokumentet.

  2. Merk tabellen og vel Format → Autoformater stilar.

  3. Trykk OK.

  4. Skriv inn eit namn i Legg til AutoFormat og trykk OK

Fjern

Slettar den merkte tabellstulen. Du kan ikkje sletta tabellstilen «Standard».

Formatering

Vel formateringseigenskapane du vil ha med i den valde tabellstilen.

Talformat

Tek også med nummereringsformat i den markerte tabellstilen.

Skrift

Tek også med skriftformatering i den valde tabellstilen.

Justering

Tek også med innstillingane for justering i den valde tabellstilen.

Kantlinje

Tek også med rammestilar i den valde tabellstilen.

Mønster

Tek også med bakgrunnstilar i den valde tabellstilen.

Endra namn

Endrar namnet på den valde tabellstilen. Du kan ikkje endra namnet på tabellstilen «Standard».