Stilar i Writer
Informasjonen nedanfor omtalar stilar i Writer som du kan bruka ved hjelp av stilhandsamaren i sidepanelet.
Viss du vil, kan du redigera stilane i det gjeldande dokumentet og deretter lagra dokumentet som ein mal. Du lagrar dokumentet som ein mal ved å velja Fil → Malar → Lagra som mal.
Stilkategori
Her er dei ulike kategoriane av formateringsstilar.
Namn |
Skildring |
Teiknstil |
Du kan bruka teiknstilar til å formatera enkeltteikn eller heile ord og fraser. Du kan også nøsta teiknstilar om ønskjeleg. |
Avsnittsstil |
Du kan bruka avsnittsstilar til å formatera avsnitt, også skrifttypen og skriftstorleiken. Du kan også velja kva avsnittsstil som skal brukast på det neste avsnittet. |
Rammestil |
Bruk rammestilar til å formatera tekst- og biletrammer. |
Sidestilar |
Du kan bruka sidestilar for å organisera strukturen i dokumentet og til å leggja til sidetal. Du kan også velja kva sidestil som skal brukast på den første sida etter eit sideskift. |
Listestilar |
Bruk listestilar for å formatera nummererte lister og punktlister. |
Stilgrupper
Dette er stilgruppene som kan visast i stilhandsamaren.
Namn |
Tyding |
Automatisk |
Viser stilar som høver til den gjeldande samanhengen. |
Alle stilar |
Viser alle stilane i den valde stilkategorien. |
Brukte stilar |
Viser stilane (i den valde kategorien) som vert brukte i det gjeldande dokumentet. |
Sjølvvalde stilar |
Viser alle sjølvvalde stilar i den valde stilkategorien. |
Teiknstil |
Viser formateringsstilar for tekst. |
Teiknstil |
Viser formateringsstilar for overskrifter. |
Listestilar |
Viser formateringsstilar for nummererte lister eller punktlister. |
Registerstilar |
Viser formateringsstilar for register og innhaldslister. |
Spesialstilar |
Viser formateringsstilar for topptekstar, botntekstar, fotnotar, sluttnotar, tabellar og bilettekstar. |
HTML-stilar |
Viser ei liste med stilar som kan brukast i HTML-dokument. |
Vilkårsstilar |
Viser dei sjølvvalde vilkårsstilane. |
Hierarkisk |
Viser stilane i den valde kategorien i ei hierarkisk liste. Du kan visa stilane i eit undernivå ved å klikka på plussteiknet (+) ved sida av namnet til undernivået. |