Tabell

Oppgje storleiken, plasseringa, mengde luft og justeringsinnstillingane for den valde tabellen.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Tabell → Eigenskapar→ Tabell


Eigenskapar

Namn

Skriv inn eit internt namn på tabellen. Dette namnet gjer det lettare å finna tabellen i dokumentstrukturen.

Breidd

Skriv inn tabellbreidda. Dette alternativet er berre tilgjengeleg når Automatisk ikkje er vald under Justering.

Relativ

Vis tabellbreidda som ein prosent av sidebreidda.

Justering

Vert brukt for å setja opp justeringsalternativ for den valde tabellen.

Automatisk

Utvid tabellen vassrett mot venstre- og høgremargen. Dette er tilrådd for tabellar i HTML-dokument.

Venstre

Juster venstrekanten av tabellen mot venstre sidemarg.

Venstremarg

Juster venstre kant av tabellen mot innrykket du valde i feltet Venstre under Avstand.

Høgre

Juster høgrekanten av tabellen mot høgre sidemarg.

Midtstilt

Midtstill tabellen vassrett på sida.

Manuell

Juster tabellen vassrett, basert på verdiane du valde i felta Venstre og Høgre under Avstand. LibreOffice reknar automatisk ut breidda på tabellen. Vel dette alternativet dersom du vil velja kolonnebreiddene sjølv.

Avstand

Venstre

Vel kor langt frå venstremargen kanten av tabellen skal liggja. Dette alternativet er ikkje tilgjengeleg når Automatisk eller Venstre er vald under Justering.

Høgre

Vel kor langt frå høgremargen kanten av tabellen skal liggja. Dette alternativet er ikkje tilgjengeleg når Automatisk eller Høgre er vald under Justering.

Over

Vel kor langt frå teksten toppen av tabellen skal liggja.

Under

Vel kor langt frå teksten botnen av tabellen skal liggja.

Tipsikon

For å setja inn eit avsnitt framføre ein tabell ved byrjinga av eit dokument, ein topptekst eller ein botntekst, set markøren framføre innhaldet i den første cella og trykk + Enter.


Eigenskapar

Tekstretning

Vel tekstretninga for avsnitt som bruker kompleks tekst (CTL). Denne funksjonen er berre tilgjengeleg viss støtte for kompleks tekst er slått på.