Objekt

Opnar eit dialogvindauge du kan bruka til å endra eigenskapane for det valde objektet, for eksempel namn og storleik.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Ramme og objekt → Eigenskapar

Ikon

Objekteigenskapar


Type

Bestemmer storleiken og plasseringa av det valde objektet eller den valde ramma på ei side.

Alternativ

Vel eigenskapane for objektet, biletet eller ramma som er vald.

Tekstbryting

Vel korleis teksten skal flyta rundt objekt. Du kan òg tilpassa avstanden mellom teksten og objektet.

Hyperlenkje

Vel eigenskapane for hyperlenkja for det valde bilete, den valde ramma eller OLE-objektet.

Kantlinjer

Vel innstillingar for kantlinjene til valde objekt i Writer eller Calc.

Bakgrunn

Vel bakgrunnsfarge eller -bilete.

Makro

Bestemmer kva makro som skal køyrast når du trykkjer på eit bilete, ei ramme eller eit OLE-objekt.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.