Alternativ

Vel eigenskapane for objektet, biletet eller ramma som er vald.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Bilete → Innstillingar

Vel fana Format → Ramme og objekt → Eigenskapar → Val

Vel Vis → Stilar, opna sprettoppmenyen og vel fana Rediger/Ny → Innstillingar

Vel Set inn → Ramme → Ramme → Innstillingar


Namn

Viser namnet til det valde elementet og eventuelle lenkjer knytt til det.

Namn

Skriv inn eit namn for det valde elementet.

Tipsikon

Du bør gje objekt, bilete og rammer eit meiningsfullt namn slik at det vert enklare å finna dei igjen i store dokument.


Alternativ tekst (gjeld berre flytande rammer, bilete og objekt)

Skriv inn teksten som skal visast i ein nettlesar når det valde elementet er utilgjengeleg. Alternativ tekst vert også brukt som eit hjelpemiddel for folk med funksjonshemmingar.

Forrige lenkje

Vis elementet (objektet, biletet eller ramma) som kjem før dette elementet i ei lenkja rekkjefølgje. For å leggja til eller endra den førre lenkja, vel du eit namn frå lista. Dersom du lenkjer rammer, må den gjeldande ramma og målramma vera tomme.

Neste lenkje

Vis elementet (objektet, biletet eller ramma) som kjem etter dette elementet i ei lenkja rekkjefølgje. For å leggja til eller endra den neste lenkja, vel du eit namn frå lista. Målramma må vere tom dersom du lenkjer rammer.

Verna

Vert brukt for å setja opp alternativ for vern for det valde elementet.

Vern innhaldet

Hindrar at innhaldet i det valde elementet vert endra.

Du kan framleis kopiera innhaldet i det valde elementet.

Vern plasseringa

Låser plasseringa av det valde elementet i det gjeldande dokumentet.

Vern storleik

Låser storleiken på det valde elementet.

Eigenskapar

Vert brukt for å setja opp utskrifts- og tekstinnstillingane for det valde elementet.

Redigerbar i skriveverna dokument (gjeld berre rammer)

Gjer at du kan redigera innhaldet i ei ramme i eit dokument som er skriveverna.

Skriv ut

Ta det valde elementet med i utskrifta.

Tekstflyt

Viser retning for tekstflyten i ei ramme. Vel Bruk overstyrande objektinnstillingar frå lista om du vil bruka tekstflytinnstillingane som er standard for sida.

Loddrett justering av innhaldet

Bestemmer den loddrette justeringa av innhaldet i ramma. Som oftast er dette tekstinnhald, men justeringa påverkar også tabellar og andre objekt som er forankra til tekstområdet som teikn, til teikn eller til avsnitt. Dette kan for eksempel vera rammer, bilete eller teikningar.

Tekstretning.