Hyperlenkje
Vel eigenskapane for hyperlenkja for det valde bilete, den valde ramma eller OLE-objektet.
Lenk til
Definer eigenskapane for lenkja.
URL
Skriv inn fullstendig sti til fila som skal opnast.
Bla gjennom
Finn adressa til fila som hyperlenkja skal opna og trykk på Opna. Målfila kan vera på den same maskinen eller på ein FTP-tenar på Internett.
Namn
Skriv inn namnet på hyperlenkja.
Ramme
Skriv namnet på ramma som målfila skal opnast i. Dei førehandsdefinerte namna på målrammene er omtalte her.
Biletkart
Vel kva biletkart-type du vil bruka. Innstillingane for biletkartet overstyrar innstillingane du set for hyperlenkja på denne sida.
Biletkart på tenaren
Bruker eit biletkart som er lagra på ein tenar.
Biletkart på klienten
Bruker biletkartet du laga for det valde objektet.