Omrissredigering

Endrar omrisset til det valde objektet. LibreOffice bruker omrisset til å styra tekstbrytinga rundt objektet.

Førehandsviser omrisset.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Tekstbryting → Rediger omriss


Bruk

Legg til omriss på det valde objektet.

Ikon

Bruk

Arbeids­område

Fjern det eigendefinerte omrisset. Trykk her og deretter i førehandvisingsområdet.

Ikon

Arbeids­område

Vel

Endrar til utvalsmodus slik at du kan velja omrisset.

Ikon

Vel

Rektangel

Teiknar eit rektangulært omriss der du dreg med musepeikaren iførehandsvisinga av objektet. For å teikna eit kvadrat, må du halda nede «Shift» medan du dreg.

Ikon

Rektangel

Ellipse

Teiknar eit ovalt omriss der du dreg med musepeikaren i førehandsvisinga til objektet. Hald nede «Shift» dersom du vil teikna ein sirkel.

Ikon

Ellipse

Mangekant

Teiknar eit lukka omriss sett saman av rette linjer. Klikk med musepeikaren der du vil starta mangekanten. Dra for å teikne ein side. Klikk endå ein gong for å velja kvar sida skal slutta. Gjer dette fleire gongar for å teikna fleire sider. Dobbeltklikk for å fullføra mangekanten. Hald nede «Shift» medan du klikkar for å berre teikna sider som avgrensar seg til 45 graders vinklar.

Ikon

Mangekant

Rediger punkt

Lèt deg endra forma på omrisset. Trykk her og dra i handtaka til omrisset.

Ikon

Rediger punkt

Flytt punkt

Lèt deg dra i handtaka til omrisset for å endra forma på det.

Ikon

Flytt punkt

Set inn punkt

Set inn eit handtak som du kan dra i for å endra forma på omrisset. Trykk her og deretter på omrisslinja.

Ikon

Set inn punkt

Slett punkt

Fjernar eit punkt frå omrisslinja. Trykk først her og så på punktet du vil fjerna.

Ikon

Slett punkt

Autoomriss

Teiknar automatisk eit omriss rundt objektet. Du kan redigera omrisset.

Ikon

Autoomriss

Angra

Gjer om den siste handlinga.

Ikon

Angra

Gjer om

Gjer om handlinga du angra sist.

Ikon

Gjer om

Fargelinje

Vel dei delane av biletet som har same farge. Trykk her og så på ein farge i biletet. Vel ein større verdi i feltet Toleranse for å ta med eit større fargespenn.

Ikon

Fargelinje

Toleranse

Vel fargetoleransen for fargeplukkaren i prosent. Skriv inn ein høg prosentverdi for å ta med fargar frå eit større fargeområde.