Tekstbryting

Vel korleis teksten skal flyta rundt objekt. Du kan òg tilpassa avstanden mellom teksten og objektet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Bilete → Eigenskapar → Linjebryting

Vel fana Format → Ramme og objekt → Eigenskapar → Linjebryting

Vel Set inn → Ramme → Ramme → Tekstbryting

Vel fana Format → Tekstbryting → Rediger → Linjebryting


Tipsikon

Dersom du vil bryta tekst rundt ein tabell, kan du plassere tabellen i ei ramme og bryta teksten rundt ramma.


Innstillingar

Ingen

Plasserer objektet på ei eiga linje i dokumentet. Teksten i dokumentet vert lagt over og under objektet, men ikkje ved sidene av det.

Ikon

Ingen

Før

Bryt teksten på venstre side av objektet viss det ikkje er plass nok.

Ikon

Før

Etter

Bryt teksten på høgre side av objektet viss det ikkje er plass nok.

Ikon

Etter

Parallell

Bryt teksten på alle fire sidene av objektramma.

Ikon

Parallell

Gjennom

Set objektet framføre teksten.

Ikon

Gjennom

Best mogleg

Bryt teksten automatisk til venstre, høgre eller på alle fire sidene av ramma rundt objektet. Om avstanden mellom objektet og sidemargen er mindre enn 2 cm, vert ikkje teksten broten.

Ikon

Best mogleg

Val

Vert brukt for å bestemma vala for tekstbryting.

Første avsnitt

Byrjar eit nytt avsnitt under objektet når du trykkjer «Enter». Avstanden mellom avsnitta vert avgjort av storleiken på objektet.

I bakgrunnen

Flytter det valde objektet til bakgrunnen. Dette valet kan berre brukast viss du har vald tekstbrytingstypen Gjennom.

Omriss

Bryt teksten rundt objektet. Dette valet er ikkje tilgjengeleg for tekstbrytinga Gjennom eller ved bruk av rammer. Du kan endra omrisset til eit objekt ved å merkja det og så velja Format → Tekstbryting → Rediger omriss.

Berre utsida

Berre bryt teksten rundt omrisset til objektet, ikkje i opne område inne i objektet. Dette valet er ikkje tilgjengeleg for rammer.

Avstand

Vel kor stor avstanden skal vera mellom det valde objektet og teksten.

Venstre

Vel kor stor avstand det skal vera mellom venstre kant av objektet og teksten.

Høgre

Vel kor langt den høgre kanten av objektet skal liggja frå teksten.

Øvst

Skriv inn kor stor plass det skal vera mellom den øvre kanten av objektet og teksten.

Nedst

Skriv inn kor stor plass det skal vera mellom den nedre kanten av objektet og teksten.