Type

Bestemmer storleiken og plasseringa av det valde objektet eller den valde ramma på ei side.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Bilete → Type

Vel fana Format → Ramme og objekt → Eigenskapar → Type

Vel Vis → Stilar, opna sprettoppmenyen og vel fana Ny/Rediger → Type

Vel Set inn → Ramme → Ramme → Type


Storleik

Breidd

Skriv inn breidda på det merkte objektet.

Relativ

Reknar ut breidda på det valde objektet som ein prosentdel av breidda på tekstområdet.

Relativt breiddeforhold

Bestemmer kva 100 % breidd betyr: anten tekstområdet utan margane eller heile sida, inklusive margane.

Høgd

Skriv inn høgda på det merkte objektet.

Relativ

Reknar ut høgda på det valde objektet i prosent av høgda på tekstområdet på sida.

Relativt høgdeforhold

Bestemmer kva 100 % høgd betyr: anten tekstområdet utan margane eller heile sida, inklusive margane.

Uendra storleiksforhold

Tek vare på høgde- og breidde-forholdet når du endrar innstillingane for høgd eller breidd.

Opphavleg storleik

Set storleiksinnstillingane for det valde objektet tilbake til dei opphavlege verdiane.

Merknadsikon

Denne innstillinga er ikkje tilgjengeleg for rammer.


Automatisk

Tilpassar breidda eller høgda på ei ramme automatisk slik at den passar til innhaldet. Viss du vil, kan du velja ei minste høgd eller ei minste breidd for ramma.

Merknadsikon

Valet Automatisk er berre tilgjengeleg når du har merkt ei ramme.


Forankring

Vert brukt for å setja vala for forankring av valde objekt eller rammer. Vala for forankring er ikkje tilgjengeleg når du opnar dialogvindauget ved hjelp av stilhandsamaren.

Til side

Forankrar utvalet til den gjeldande sida.

Til avsnitt

Forankrar utvalet til det gjeldande avsnittet.

Til teikn

Forankrar utvalet til eit teikn.

Som teikn

Forankrar utvalet som eit teikn. Høgda på den gjeldane linja vert endra for å passa høgda på utvalet.

Posisjon

Vert brukt for å bestemma kor dei markerte objekta skal plasserast på den gjeldande sida.

Vassrett

Vel vassrett justering for objektet. Dette valet er ikkje tilgjengeleg dersom det er vald «Forankra som teikn».

med

Skriv inn kor mykje plass det skal vera mellom den venstre kanten av det valde objektet og referansepunktet som er vald i Til. Dette valet er berre tilgjengeleg om du har vald «Frå venstre» i boksen Vassrett.

til

Vel referansepunkt for for den valde vassrette justering.

Du kan sjå resultatet av vala for justering i feltet for førehandsvising.

Spegelvend på partalssider

Spegelvender dei gjeldande innstillingane for vassrett justering på partalssider.

Tipsikon

Du kan også bruka spegelvendingsfunksjonen i Bilete for å tilpassa utforminga av objekt på oddetals- og partalssider.


Loddrett

Vel loddrett justering for objektet.

Merknadsikon

Viss du forankrar eit objekt til ei ramme med fast høgd, vil berre justeringsvala «Nederst» og «Midtstilt» vera tilgjengelege.


med

Skriv inn kor mykje plass det skal vera mellom den øvre kanten på det valde objektet og referansepunktet du valde i Til-boken. Dette valet er berre tilgjengeleg om du har vald «Ovanfrå» eller «Nedanfrå» (som teikn) i ruta Loddrett.

til

Vel referansepunktet for den valde loddrette justeringa.

Følg tekstflyt

Held det valde objektet innføre stilgrensene for teksten objektet er forankra til. Ønskjer du å plassera objektet kvar som helst i teksten, må du ikkje bruka dette valet.

Som standard er følj tekstflyt vald når du opnar eit dokument som er oppretta i ein versjon av Writer eldre enn OpenOffice.org 2.0. Dette gjeld ikkje når du opprettar eit nytt dokument eller når du opnar eit dokument i Microsoft Word-formatet *.doc.

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.

Den grøne firkanten står for det valde objektet og den raude firkanten for referansepunktet for justering. Viss du forankrar objektet som eit teikn, vert firkanten som står for referansepunktet endra til ei raud linje.

Format → Forankring

Format → Justering