Bilete

Formater storleik, plassering og andre eigenskapar til det valde biletet.

Du kan også endra nokre av eigenskapane for det valde biletet ved hjelp av snartastane.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Bilete

Vel knappen Set inn → Bilete → Frå fil → Eigenskapar

Når du er på verktøylinja Bilete og bilete er valt, vel

Ikon

Bileteigenskapar


Dialogvindauget Bilete har desse fanene:

Type

Bestemmer storleiken og plasseringa av det valde objektet eller den valde ramma på ei side.

Alternativ

Vel eigenskapane for objektet, biletet eller ramma som er vald.

Tekstbryting

Vel korleis teksten skal flyta rundt objekt. Du kan òg tilpassa avstanden mellom teksten og objektet.

Hyperlenkje

Vel eigenskapane for hyperlenkja for det valde bilete, den valde ramma eller OLE-objektet.

Bilete

Her kan du spegelvenda det valde biletet i ulike retningar. Du kan også setja inn ei lenkje i biletet.

Skjer til

Klipper eller skalerer det valde biletet. Du kan òg tilbakestilla biletet til den opphavlege storleiken.

Kantlinjer

Vel innstillingar for kantlinjene til valde objekt i Writer eller Calc.

Bakgrunn

Vel bakgrunnsfarge eller -bilete.

Makro

Bestemmer kva makro som skal køyrast når du trykkjer på eit bilete, ei ramme eller eit OLE-objekt.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.