Tekstrutenett
Legg eit tekstrutenett til den gjeldande sidestilen. Dette valet er berre tilgjengeleg når støtte for asiatiske språk er sett under Språkinnstillingar → Språk i dialogvindauget.
Rutenett
Legg til eller fjernar tekstrutenett for linjer eller teikn i sidestilen.
Utsjånad på rutenettet
Linjer per side
Vel det høgste talet på linjer du vil ha på éi side.
Teikn per linje
Vel det høgste talet på teikn du vil ha på éi linje.
Maks storleik på grunnteksten
Vel høgste storleik for baseteksten. Ein høg verdi gjev færre teikn på kvar linje.
Maks. storleik for Ruby-tekst
Vel storleik på kringteksten.
Ruby-tekst under eller til venstre for grunnteksten
Viser kringteksten til venstre eller under hovudteksten.
Rutenettvising
Vel utskriftsinnstillingar og fargar for tekst-rutenettet.